Noreg har ein ambisjon om at det innan 2040 skal tildelast område for 30 000 MW havvindproduksjon. I 2020 vart dei første områda på norsk sokkel opna for fornybar energiproduksjon til havs, og styresmaktene har sidan då jobbet med å fastsetje regelverket i tett samarbeid med næringslivet og andre brukarar av havet. I 2023 vart dei første prosjektområda for havvind på Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II kunngjorde.
Regjeringa gir Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å starte strategiske konsekvensutgreiingar av tre havvindområde som kan vere aktuelle for opning og utlysing i 2025.
— Regjeringa har fullt trykk på å utvikle havvindnasjonen Noreg. Vi har stort behov for ny, fornybar kraft i åra som kjem, og havvind kan bidra med ein betydeleg del av denne krafta. Samtidig kan utviklinga av ein heimemarknad gi spennande moglegheiter for å vidareutvikle norsk leverandørindustri, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Til utlysingsrunden i 2025 har NVE anbefalt regjeringa å vurdere moglegheita for at dei allereie opna områda Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord blir utvida med felta Sørvest F og Vestavind F. I tillegg ønskjer regjeringa å utføre ei strategisk konsekvensutgreiing av området Vestavind B.
Områda Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord vart opna på bakgrunn av ei strategisk konsekvensutgreiing frå 2012. Utgangspunktet etter 2012-utgreiinga var at det kunne byggjast ut 3000 MW i området Sørlige Nordsjø II og 1500 MW i området Utsira Nord.
Den foreslåtte utvidinga i Sørvest F og Vestavind F endrar føresetnadene for utgreiinga frå 2012, og det må difor gjennomførast ei strategisk konsekvensutgreiing for verknadene av kapasitetsutvidingane.
Regjeringa har også gitt NVE i oppdrag å utføre ei strategisk konsekvensutgreiing av området Vestavind B. Dette er eit område som har gode vindforhold og som har mykje eksisterande infrastruktur som bidrar til kjennskap til etablerte næringar og interesser i området.
— I april presenterte NVE 20 nye moglege område for havvindproduksjon på norsk sokkel. I dag har NVE fått beskjed om å starte strategisk konsekvensutgreiing av tre av felta som kan vere aktuelle for opning og utlysing i 2025-runden og av felta som er aktuelle for seinare rundar. Havvind byr på store moglegheiter, og med dette tek vi den norske satsinga eit viktig steg vidare, seier Aasland.
Dei strategiske konsekvensutgreiingane som er knytte til 2025-runden skal leverast til Olje- og energidepartementet innan utgangen av november 2024.